onsdag 14. januar 2015

Baby boots og hjelmlue

God kveld :) eg har strikka enda meir baby kle. Det er så mange rundt meg som får baby og det er jo bra :) no har eg strikka hjelmlue og babytøfler i str 6 mnd i baby ull. Hjelmlua er ei oppskrift fra viking garn og babybootsa er ei oppskrift eg har fått med svigerinna mi.




 

søndag 4. januar 2015

Stripete genser


Hei:) og godt nytt år! Eg har brukt jula til å strikke genser til sønnen min. Den er strikka i Sandnes Kashmir alpakka på pinne  5 og 5 1/2. Den vart veldig mjuk og deilig. Den klør ikkje og eg trur den er ganske varm :)
Han vart veldig fornøyd :) 
Eg strikka etter måla på polarstjerne genseren i Sandnes sitt hefte tema 39. Men strikka med raglan.