Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2016

Ballerinagenser

Denne genseren med ballerinaer strikka eg til dattera mi. Mønsteret har eg laga sjølv, men til maskeantall og størrelse har eg tatt utgangspunkt i snøløvgenseren. Genseren er strikka i merinoull fra Sandnesgarn.

fredag 12. juni 2015

Acne genser til jente

Heisann! Har endelig fått tid til litt strikk igjen, så har strikka ein Acne genser til minsta. Brukte Alpa garn fra Europris og pinner 4 og 5. Prøvde meg fram med maskeantall, men brukte oppskrifta som låg ute på Kamille sine sider :) http://www.klikk.no/mote/kamille/Mote/article900703.ece  Denne er ca 8 år størrelse. Enkel og kjekk å strikke :)
God helg! :)

mandag 6. oktober 2014

Enkel hals til barn

I dag har eg strikka en hals til jente. Eg la opp 50 masker på pinne 4 i Alpa garn. Strikka lappen til den vart nesten firkanta, la den dobbel, spiss mot spiss og sydde igjen bak. Har strikka den før i Puno garn , framgangsmåte ligg på bloggen også , under oppskrifter:) 



torsdag 11. september 2014

Artig skrue-hettelue

Hei:) då vart det ei hettelue til. Denne i grått og blått til tanteguten min:) god å ha på seg når høsten og kulden kjem:) strikka i Gullgarn fra Spar Kjøp.
 

torsdag 7. august 2014

Artig skrue-hettelue

Heisann folkens:) håper alle koser seg med den fantastiske sommeren vi har hatt. Eg har strikka luer til tvilling jentene til ei venninne av meg. Dei er gode å ha i barnehagen til høsten. Luene sitter veldig godt på hodet og rundt halsen. Oppskrift ligg gratis i alle størrelser på Pickles. Eg har brukt anna garn enn anbefalt. Eg har brukt Gull garn til grunnfarge og bomullsgarn til mønsterfarge. Strikka i str 1-2 år :)

lørdag 5. april 2014

Oppskrift skjørt jente


Heisann! då var eg ferdig med skjørt til minsta. Det falt i smak og ho har hatt det på seg allerede:) så bra var det. Vart veldig fint med paljettane som var i tråden.


 
 






Oppskrift:

Tråd: Fame trend paljett fra Marks&Kattens
Pinne: rundpinne nr 3
str 4-6 år (jenta mi er 4 1/2)

Legg opp 210 masker, strikk vrangbord 1r 1vr til arbeidet er 2 cm.
Bytt til glattstrikk og strikk til arbeidet måler 25 cm ( strikk nokre cm til om du vil sjørtet skal vere lenger eller jenta er litt eldre)
Strikk ei fellerunde slik : * strikk 19m  og 2m rett sammen, 19 m og 2 m rett sammen* fortsett fra *til* ut omgangen.
Strikk vrangbord 1 r og 1 vr 8 omganger.
Strikk en omgang vrang
Strikk vrangbord 1r og 1vr 8 omganger til.
Fell av.
Sy ned kanten på innsida av skjørtet med fine sting. La det vere igjen ei lita opning til å tre inn et strikk.
FERDIG :)











fredag 21. februar 2014

Oppskrift enkel hals

.Heisann ! No har eg strikka halsen til minsta :) oppskrifta fekk eg med ei kjekke dame som jobba på en garnbutikk. Halsen er strikka i Puno.
Legg opp 20 masker med dobbel tråd til barn. 26 masker til voksen på pinne 10
Eg strikka den avlang, men du kan også strikke den firkanta. Eit garnnøste er nok til en voksen hals. Då strikker du opp nøstet. ( husk å ha igjen tråd til avfellinga)
Brett inn hjørnene og sy sammen dei to hjørnene. 

Brett ned dei to andre spissene.
Baksida blir då sånn.

No er halsen ferdig :)
Visst du strikker lappen firkanta kjem spissene i lag. Når eg strikka den avlang blir spissene ved siden av kvarandre. Den er veldig fin å pynte med ein knapp eller en liten hekla blomst.
Mjuk og god:)

søndag 26. januar 2014

Enda et prinsessepannebånd



Mini vart så gla for sitt pannebånd at ho ville bestevenninne også skulle få et. Derfor vart det et prinsesse pannebånd i dag og. Heilt likt det andre og samme farge. Vi pynta det med knaapper så dei skal sjå forskjell på dei. Så no håper vi bestevenninna liker det også:)




fredag 24. januar 2014

Prinsesse pannebånd

Lisja ville også ha seg pannebånd når ho mor hadde strikka seg et. Så då vart det rosa prinesesse pannebånd til ho:) Oppskrifta ligg på mange sine blogger har eg sett. Eg brukte den eg fann på http://tanita.blogg.no/1383849024_oppskrift_p_prinsesse.html.
Eg la opp 13 masker siden eg hadde litt tjukkere tråd. Eg brukte Hobbygarn fra Viking og pinne nr 5,5.



lørdag 11. januar 2014

Luer

Då er eg ferdig med lua til sambo som også sto på lista mi over ting eg vil strikke framover:) så då har heile familien fått seg nye luer i vinter. Minsta har fått to.         
Lua til eldste sonen og sambo. Luene er strikka i Odin fra Viking. Eg har brukt Denne oppskrifta fra Viking sine sider. Sambo sin er strikka i rettstrikk, etter brotet på ca 4cm.Strikka på pinne nr 5.
  

Desse to er strikka i Neon fra SandnesGarn til dei to minste. Her og har eg tatt utgangspunkt i oppskrifta over, men la opp 76 masker. Strikka på pinne 5.
Desse to luene er mi og minste si. Minste si med grå vrangbord. Desse er strikka i Odin garn fra Viking på pinne 5. Her har eg og tatt utgangspunkt i den oppskrifta fra viking. Men eg har lagt opp mindre masker. Mi lue er strikka vrangbord i tre rett og en vrang. Resten strikka i glattstrikk. Eg la opp 80 masker til meg og 72 masker til minste.


søndag 5. januar 2014

Genser med katter og monsterbukse

Min første genser med mønster. Genseren strikka eg for nokre år sida til mini. Genseren er strikka i Lanett , mønster fra Sandnes. I samme fargene og i dobbel tråd strikka eg monsterbukse. Oppskrift fann eg her  http://smoochiemonsters.blogspot.no/2010/11/oppskrift-pa-monsterbuksen-min.html

lørdag 4. januar 2014

Enkel vest



 
 





Disse to vestene fra Pickles er kjempe enkle og strikke og gjort i en fei:) Den lyse strikka eg når mini var liten i str 1 år, den andre strikka eg no før jul. Eg har ikkje brukt det anbefalte garnet, men har brukt forskjellige typar.
http://www.pickles.no/enkel-vest/
Det har sneket seg med ei neon lue på bilde her, også strikka før jul. Den er strikka i neon fra Sandnes garn og oppskrift etter eget hode:)