mandag 24. februar 2014

Genseren er ferdig :)



Hei igjen! Då var eg endelig ferdig med genseren min. Eg vart som sagt litt lei den ei stund, for det var ganske mykje offwhite ensfarget å strikke. Så då eg hadde begynt på armene vart eg lei. Men når armane endelig vart ferdige og komt inn på pinnen så vart det kjempekjekt å strikke. Mønsteret var veldig enkelt og kjekt å strikke. En ser en resultatet veldig fort når tråden og pinnane er så tjukke. Genseren er strikka i Hobby garn fra Viking i offwhite, beige og blått. Pinner nummer 6. Armene strikka eg også på rundpinne. Oppskrifta ligg i heftet 1309 som heiter Viking Design
Eg syns genseren vart fin :)

Ha en fin kveld vidare!

fredag 21. februar 2014

Oppskrift enkel hals

.Heisann ! No har eg strikka halsen til minsta :) oppskrifta fekk eg med ei kjekke dame som jobba på en garnbutikk. Halsen er strikka i Puno.
Legg opp 20 masker med dobbel tråd til barn. 26 masker til voksen på pinne 10
Eg strikka den avlang, men du kan også strikke den firkanta. Eit garnnøste er nok til en voksen hals. Då strikker du opp nøstet. ( husk å ha igjen tråd til avfellinga)
Brett inn hjørnene og sy sammen dei to hjørnene. 

Brett ned dei to andre spissene.
Baksida blir då sånn.

No er halsen ferdig :)
Visst du strikker lappen firkanta kjem spissene i lag. Når eg strikka den avlang blir spissene ved siden av kvarandre. Den er veldig fin å pynte med ein knapp eller en liten hekla blomst.
Mjuk og god:)

onsdag 19. februar 2014

Nye møbler fra Ikea





God kveld folkens!
I dag kom møblene mine fra Ikea. Eg kjøpte svart skinnsofa for eg er så lei av å vaske på stoffsofaen. Dessuten står sola rett inn her heile dagen og falmer stoffet. Ønskesofaen er jo en kvit sofa men det er enklere med skinn når en har små barn. Å kvit skinnsofa er eg fraråda å kjøpe av fleire venniner som har hatt det. Dei sei dei blir fort stygge, små rifter blir mørke og dongeribukser farger av ned i skinnet. Så då vart det svart her i huset. Sofaen er en Skogaby. Den ser mjuk ut men den er ganske fast å sitte i.
Nye puter i treseteren, dei blomstrete fra Jysk og dei grafiske fra Ikea.

Nye kvite stoler:) Her sitt ikkje ungane så mykje så her vart det kvitt:) Stolane er Ektorp Jennylund. Trekket kan skiftest og det kan også vaskes i maskin:)
Eg kjøpte også ein pall til,den er fin å bruke til ein ekstra sitteplass når vi er mange, eller til å slenge føttene på når en skal slappe av i stolane.
Ønsker meg det store bilde av dei grønne trea fra Ikea til å ha på veggen bak stolane..




tirsdag 18. februar 2014

Lenge sia..

Heisann der ute! No er det lenge sia eg har vært inn på her. Eg må berre innrømme at eg vart lei av heile genseren som eg held på å strikke. Så då vart det ikkje strikka noke, og heller ikkje blogga om noke... BEKLAGER!! Men no har eg bestemt meg for å legge vekk genseren litt og begynne på noke nytt, så kjem nok inspirasjonen til å gjere den ferdig, tilbake etter kvart...


Eg var innom en butikk før helga som eg ikkje har vært på før og den var bare heilt super :) masse typar garn, og stor butikk :) då vart eg hverfall inspirert til å strikke igjen, med så mykje fine garn. Så då kjøpte eg tråd til en hals og til et skjørt til minsta. Vi kom heim i kveld etter å ha vært på en liten vinterferie, så eg har ikkje fått begynt på nokre nye prosjekt enda.


I morga får eg nye møbler fra IKEA, det blir veldig spennande for eg har faktisk ikkje prøvd dei engang...eg berre såg på dei på nett og tok en sjans :/  så håper dei er ok, og at eg blir fornøyd... Legger ut bilder i morga for dei som er interesserte.
Her er den nye tråden eg kjøpte:) Puno virker fantastisk mjuk og god. Den rosa skal bli hals og Fame tråden skal bli et lite skjørt tenkte eg. Av Puno Metallic har eg ikkje bestemt kva eg skal strikke enda, men eg syns den var så fin. Kanskje pulsvarmere?
Ha en fin kveld videre!

lørdag 8. februar 2014

Genseren min


Hei og god kveld! No er eg komt litt lenger på genseren min, og eg prøver å lære meg og strikke to armer på en pinne ..
Endelig ferdig på bolen til genseren min :) 

Her har eg lagt opp til begge armene samtidig på en rundpinne... Spent på korleis det går når eg kjem opp til mønsteret. Eg har aldri prøvd å strikke to armer på en gang før, men det virka kjekt enn so lenge :) Eg er ikkje noke gla i å strikke på strømpepinner, så håper ditta går bra....
her er linken på korleis en strikker to armer på en pinne. You tube er jammen godt å ha i blant :)
Ha en fin kveld vidare!

torsdag 6. februar 2014

Kariluer

Hei! Det har ikkje blitt så mykje strikking dei siste dagane så eg har ikkje komt så langt på genseren min. Men eg tenkte eg skulle vise dåkke disse luene her til inspirasjon. Eg strikka dei for nokre år sida som gave til to jenter. Oppskrifta fann eg på en blogg. Ho kalte dei for Kari luer. Men eg finn ikkje linken til oppskrifta lenger. Men dei er jo ikkje så vanskelige å lage ut fra hodet. Stilige er dei hvertfall.



mandag 3. februar 2014

Prosjekt genser til meg

Heisann! I dag har eg vært og kjøpt tråd og mønster til genser til meg sjølv:) Eg har aldri strikka voksen genser før, så eg får håpe eg ikkje blir alt for lei... det er heldigvis tjukk tråd på tjukke pinner så satser på at det går bra:) Eg skreiv på lista mi over ting eg hadde lyst å strikke at eg kanskje ville ha meg en islandsgenser, eg syns den her fra Viking Design var litt lik islansdsgensarane, og eg likte den i grunnen litt bedre. her ser du bilde og katalog på Viking of Norway si side. Eg skal strikke den i litt lysere farger, med litt blått. Tråden er Hobbygarn fra Viking. Den er veldig god å strikke med.
Fargene eg har valgt

Er så smått starta på den:)

lørdag 1. februar 2014

Oppskrift baby selekjole

Hei! Eg er akkurat  ferdig å strikke en liten selekjole. Eg visste korleis eg ville at den skulle sjå ut, men eg fann  ingen oppskrift, så då lagde eg meg oppskrift sjølv. Eg legger ut oppskrifta mi her visst noken andre vil strikke den. Ber om at du linker tilbake til meg om du legger ut oppskrifta eller bilder av kjolen.
Den er strikka i alpakka på pinne 3,5
Kjolen er størrelse 0 til3-4 mnd trur eg.



Oppskrift: selekjole
(tar forbehold om at den kan inneholde feil)


Legg opp 160masker
Strikk 3 runder perlestrikk (rett over vrang og vrang over rett)
Strikk ei fellerunde, to masker sammen og 12 masker rett, to masker sammen og 12masker rett fortsett ut omgangen.


Strikk 3 runder rett
1 runde vrang
ny fellerunde med 11 masker imellom kvar gong du strikker to masker sammen.
3 runder rett
1 runde vrang
fellerunde med 10 masker mellom kvar gong du strikker to masker sammen
3 runder rett
1 runde vrang
fellerunde med 9 masker mellom kvar gong du strikker to masker sammen
3 runder rett
1 runde vrang
fellerunde med 8 masker  mellom kvar gong du strikker to masker sammen
3 runde rett
1 runde vrang
fellerunde med 7 masker  mellom kvar gong du strikker to masker sammen.


Strikk to masker sammen så du har 94 masker totalt.
strikk *3 runder rett og 1 runde vrang* totalt 3 gonger til.
Strikk 3 omganger perlestrikk


Del arbeidet i to 47 masker til  for og bakstykket. Sett ei merkemaske etter 47 masker.
Start neste omgang med å felle 3 masker, strikk fram til 3 masker før merkemaska, fell tre masker på kvar side av merkemaska. Strikk til det gjenstår tre masker på omgangen, fell disse maskene. Du har no felt 6 masker til armhull i kvar side.


No skal for og bakstykket strikkes kvar for seg.


Forstykket:
Strikkes i glattstrikk, men første tre og siste tre maskene strikkes i perlestrikk.
Fell ei maske på begynnelsen og slutten av pinne 1,3 og 5.ved å strikke to masker sammen.
Strikk til forstykket er 6 cm langt.
Strikk to pinner der du strikker to masker sammen på begynnelsen og slutten av kvar pinne.
Strikk tre pinner perlestrikk, på andre pinnen med perlestrikk feller du til knappehull sånn : strikk 5 masker, lag et kast, to masker sammen. Fortsett å strikke til det gjenstår 6 masker, lag et kast, to masker sammen og perlestrikk ut pinnen. Strikk siste pinnen med perlestrikk.
Fell av


Bakstykket:
Strikkes i glattstrikk, men første tre og siste tre maskene strikkes i perlestrikk
Fell ei maske på begynnelsen og slutten av kvar pinne til du har 22 masker igjen.
Strikk 10 masker fell ei maske, strikk 10 masker fell ei maske.
Strikk selene kvar for seg i perlestrikk til de er 20 cm. Fell av.


Sy på knapper, to på kvar sele, så du kan regulere størrelesen litt.
Kjolen er ca 32 cm lang fra toppen på skuldra til kanten på skjørtet.