Eg har ei lita dukkemamma her i huset, som sa at babyen hennar trengte lue, vottar og skjerf. Så då må jo dukka berre få det så ho ikkje fryser :)
Eg har brukt restegarn og strikka det heilt enkelt. Skjerfet la eg opp 70 masker på pinne 5,5 og strikka 4 riller. Lua la eg opp 50 masker , men økte til 60 etter vrangborden for då bytta eg til tynnare tråd, pinne nr 3,5. Eg plukka opp masker langs kanten på begge sider og strikka på øreklaffer. Vottane la eg opp 20 masker på pinne 3,5. Fort gjort og enkelt og mini er veldig fornøyd, som er det viktigaste :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar