tirsdag 14. januar 2014

Stjerne babypledd

Då var babyteppet ferdig:) Eg har brukt oppskrifta til store stjernepledd på Pickles : store stjernepledd. Men eg la opp 76 masker på pinne 8 med dobbel baby ull. Mønsteret er delelig med 4. Eg brukte fire nøster. Teppet vart då 50*65cm som er passelig til  å ha i vogn/bilstol/vugge. Eg brukte baby ulla fra Gjestdal ,den har eg ikkje prøvd før. Garnet var godt å strikke med, men eg synes det vart litt stivt til en liten baby. Det går heilt fint å bruke til tepper som bare skal ligge opp på babyen, men eg ville ikkje ha brukt det til å strikke kle eller store babytepper som en skal "tulle" babyen inn i.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar