lørdag 29. mars 2014

Marius sokker

Desse Marius sokkene strikka eg til meg sjølv i fjor påske. Dei er strikka i østlandsgarn i lilla og kvit med lys grå kant.

onsdag 26. mars 2014

Tjukkelesta til påske

Hei igjen :) eg har strikka meg nye sokker til påske. Eg har brukt forskjellige typar garn som eg fann i garnlageret mitt på pinne nr 4.. Strikka dei på liten rundpinne 30cm ( første gang eg brukar rundpinner til sokker) Likte godt å strikke dei på rundpinne, for eg er ikkje så glad i strømpepinner men vrangborden var litt "klønete" med så liten pinne. Hælen og tåa måtte eg strikke på strømpepinner. Hælen er strikka lik som på Russesokkene. Den er veldig enkel å strikke. En strikker inn en tråd på halvparten av maskene, sånn som en strikker inn tråden for tommel på en vott. Fortsett å strikke sokken vanlig og fell av tåa. Deretter fjerner en tråden som en strikka inn og plukker opp maskene på 4 pinner. Fell av hælen akkurat som en feller til tå. Fest alle tråder. FIX FERDIG :)enkelt og morsomt å strikke sokkane litt annerledes.



tirsdag 25. mars 2014

Strikkepinne mapper fra tante



Heisann:) no er det lenge sia eg har blogga. Eg har ikkje strikka noke særlig i det siste , for strikkelysta har ikkje vært til stede. Men til bursdagen min fekk eg disse kjempe fine strikkepinne mappene med tanta mi :) Eg synes det var en super gave, eg har ønska meg sånne lenge. Ho har til og med sydd dei sjøl :) Kjempe snill er ho:) Tusen takk Tante! 
Her er dei sammenrulla
Her er den til rundpinner, lommer på begge langsidene.

Her er den til strømpepinnene, med ei lita lomme med glidelås til markører, nåler,pinnemåler og målband :) 

Veldig fine og praktiske :) kjekt å ha orden på pinnene :) 

søndag 2. mars 2014

Tjukkelesta

Hei igjen!
Siste strikk er berre eit par vanlige tjukkelesta. Ikkje min favoritt å strikke, men sønnen til ei venninne trengte et par, så då bestemte eg meg for å strikke et til han. Her er det ferdige resultatet:
Håper dåkke får en fin fastelaven søndag ! Her blir det boller med krem og vaniljekrem inni :)

mandag 24. februar 2014

Genseren er ferdig :)



Hei igjen! Då var eg endelig ferdig med genseren min. Eg vart som sagt litt lei den ei stund, for det var ganske mykje offwhite ensfarget å strikke. Så då eg hadde begynt på armene vart eg lei. Men når armane endelig vart ferdige og komt inn på pinnen så vart det kjempekjekt å strikke. Mønsteret var veldig enkelt og kjekt å strikke. En ser en resultatet veldig fort når tråden og pinnane er så tjukke. Genseren er strikka i Hobby garn fra Viking i offwhite, beige og blått. Pinner nummer 6. Armene strikka eg også på rundpinne. Oppskrifta ligg i heftet 1309 som heiter Viking Design
Eg syns genseren vart fin :)

Ha en fin kveld vidare!

fredag 21. februar 2014

Oppskrift enkel hals

.Heisann ! No har eg strikka halsen til minsta :) oppskrifta fekk eg med ei kjekke dame som jobba på en garnbutikk. Halsen er strikka i Puno.
Legg opp 20 masker med dobbel tråd til barn. 26 masker til voksen på pinne 10
Eg strikka den avlang, men du kan også strikke den firkanta. Eit garnnøste er nok til en voksen hals. Då strikker du opp nøstet. ( husk å ha igjen tråd til avfellinga)
Brett inn hjørnene og sy sammen dei to hjørnene. 

Brett ned dei to andre spissene.
Baksida blir då sånn.

No er halsen ferdig :)
Visst du strikker lappen firkanta kjem spissene i lag. Når eg strikka den avlang blir spissene ved siden av kvarandre. Den er veldig fin å pynte med ein knapp eller en liten hekla blomst.
Mjuk og god:)

onsdag 19. februar 2014

Nye møbler fra Ikea





God kveld folkens!
I dag kom møblene mine fra Ikea. Eg kjøpte svart skinnsofa for eg er så lei av å vaske på stoffsofaen. Dessuten står sola rett inn her heile dagen og falmer stoffet. Ønskesofaen er jo en kvit sofa men det er enklere med skinn når en har små barn. Å kvit skinnsofa er eg fraråda å kjøpe av fleire venniner som har hatt det. Dei sei dei blir fort stygge, små rifter blir mørke og dongeribukser farger av ned i skinnet. Så då vart det svart her i huset. Sofaen er en Skogaby. Den ser mjuk ut men den er ganske fast å sitte i.
Nye puter i treseteren, dei blomstrete fra Jysk og dei grafiske fra Ikea.

Nye kvite stoler:) Her sitt ikkje ungane så mykje så her vart det kvitt:) Stolane er Ektorp Jennylund. Trekket kan skiftest og det kan også vaskes i maskin:)
Eg kjøpte også ein pall til,den er fin å bruke til ein ekstra sitteplass når vi er mange, eller til å slenge føttene på når en skal slappe av i stolane.
Ønsker meg det store bilde av dei grønne trea fra Ikea til å ha på veggen bak stolane..